‒ Det er ei stor glede at vi har fått friskmeldt elvane i Raumaregionen i villaksen sitt år. Gyrodactylus salaris er ein framand, skadeleg art som har gjort stor skade på naturmangfaldet i Noreg.
Etter 40 års gyro-krig er vi kvitt parasitten i Romsdalen og eit skritt nærare målet om å fjerne denne trusselen som har gitt oss samfunnskostnadar i milliardklassen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, som ikkje kan love kva tid Rauma-vassdraget kan opnast for ordinært sportsfiske.