Kongens lakseelv kan bli stengd i fem år
LÆRDAL (NRK): Det var full jubel då Lærdalselvi i 2017 vart friskmeld frå parasittar. No kan laksemangel føre til fiskeforbod. Det skapar stor fortviling..
– Verre julegåve enn dette kunne vi ikkje fått. Det er mange familiar langs elva som har dette som ein viktig del av inntekta si, seier elveeigar Mark Brooks i Lærdal til Sogn Avis som først skreiv om saka.
DRONNING: Lærdalselvi i Sogn er eit nasjonalt laksevassdrag, og har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene. Elva har blitt kjend som Dronninga av lakseelvar
FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK
Lærdalselvi i Sogn er eit nasjonalt laksevassdrag, og har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene. Elva har blitt kjend som Dronninga av lakseelvar, og hit kjem mellom anna kong Harald for å fiske.
Stengd i fleire år
Elva var i mange år stengd for laksefiske etter at parasitten gyrodactylus salaris blei oppdaga på laksen i elva i 1996. Hausten 2017 blei elva friskmeld.
Men no kan det altså bli slutt på laksefiske i denne elva i fem år framover. Det uroar elveeigar Per Severin Hjermann.
– Dette får ganske store konsekvensar både for elveeigarane og lokalsamfunnet, og vil gå utover skatteinntekter, butikkar og serveringsstader. Det er mange som har basert økonomien sin på elveinntekter, seier han.
Ifølgje Norske lakseelver omset sportsfiske etter laks i Noreg for cirka 1,3, milliardar i løpet av tre hektiske sommarmånader.
Ordførar Audun Mo (Ap) seier det er synd for lokalsamfunnet dersom elva må stenge.
– På grunn av elva blir det lagt igjen mykje pengar opp gjennom heile dalen. Vi er også kjende for Lærdalselvi, så dette er ikkje bra for oss, seier han.
– IKKJE BRA: Ordførar Audun Mo (Ap) er samd med elveeigar Hjermann i at ei stenging vil vere negativ for Lærdal som samfunn.
FOTO: BÅRD SIEM / NRK
Usamd i avgjerda
Hjermann er svært kritisk til at Miljødirektoratet foreslår å stenge elva. Det er det fleire grunnar til.
– Dersom ein ser på innsiget i år så er det så høgt at vi truleg når målet for gytebestanden. Men dei får ikkje tald all fisken frå land. Produksjonen av smolt er god, og det er lite fisk som døyr på grunn av fiske, seier han, og held fram:
– Det er ikkje her i elva problema ligg, så vi blir straffa for det andre gjer.
KRITISK: Elveeigar Per Severin Hjermann seier stenginga av elva får store konsekvensar for fleire.
FOTO: ALEKSANDER ÅSNES
Miljødirektoratet har tidlegare sendt saka på høyring. Dei har fått inn over 250 høyringsuttaler før dei leverte den endelege tilrådinga, blant anna får elveeigarlaget i Lærdal.
Trass i deira tilbakemelding, stod direktoratet fast på at elva må stenge for laksefiske i fem år.Saka er no til vurdering i Klima- og miljødepartementet som skal ta den endelege avgjerda.
– Vi kan enno ikkje seie når denne er klar, opplyser departementet.